Norsk   English

Eurytmi i nisteskreppa

Av Milada Blekastad

I ei tid då alt som heiter "krav" i seg sjølv er ein heilag ting, er det ikkje nett moderne å takke lagnaden for alt det ein har fått med seg til niste på livsens veg. Det gjeld heller seint og tidleg å varte upp med det ein ikkje fekk, og det ein saknar og har krav på. Er det likevel nokon som "takker sin skjebne", ligg det i sjølve uttrykket, at det helst er for eitt eller anna han slapp å få eller koma burti. Takke for det ein fekk, synest å liggje utanfor det normale. Og det å vilja finne på noko i den grad abnormt som å takke for all den eurytmien ein fekk vera med på - nei, orsak meg, det høyrest likevel altfor originalt ut! Tilgjev - det er ein av dei ting eg har funne ut, løner seg av og til: å kike på rikdomane sine, dei ein ber innanbords og ingen kan ta frå ein: barndoms- og ungdomsminne. - Ein vert rik av det: ein glimande stein er ein skatt, tusen gonger meire verdt enn ein grøn eller raud papirlapp frå Norges Bank som varar ein dag eller tvo. 5 timar eurytmi i vika i 7 barndoms- og ungdomsår gjev heile denne avgjerande bolken i livet ein eurytmisk farge, når ein ser attende. Den gongen var det onnorleis. Fyrst var eurytmien ein leik, saman med større og mindre born, moro, og det fyrste møte med framande mål. For i Praha, der eg vaks upp, hadde vi den gongen russisk eurytmist, og elevar fra ulike nationar. Det gjekk på tsjekkisk, russisk, tysk, jamvel franske dikt var det iblandt. Totalt umusikalsk som eg var, sette eg størst pris på ljod-eurytmien, og vart fortruleg med dei mål eg elles kjende lite til. Til den dagen kom - eg minnest det heilt klart - då musikken med eitt ikkje lenger var berre eit "leven", ljom for øyro: det var som eit teppe fall, og eg høyrde rytmen og takten, melodien som steig og fall. Det vara enno vel eit år, fyrr eg var i stand til å skilja dei einskilde tonane og kjende dei att. Men etter dette var eg utrøytteleg i tone-eurytmien, og snart ein fast gjest på konsertar. Med ljod-eurytmien gjekk det umvendt. Det kjem ei tid, då ein absolutt treng å reagere imot autoriteten, og serleg det det dei likar heime. Attåt det kom spørsmålet, kvifor dei einskilde ljodane skal vera slik og slik og ikkje onnorleis - var det heile eit vilkårleg tyranni? No hadde det seg slik, at eg laut gje lækjaren rett, som hadde rådd mor til å sende meg til eurytmien: plattfoten kom snart i orden, den veike ryggen, migrenen og andre vanskar. Og frisk vil ein gjerne vera. Det var å bite i det sure eple. Men det hjelpte ikkje stort. Ljod-eurytmi-timane vart endelause og keidsame, og hugen til å skulke større og større. Til eg i 14-årsalderen kom på eit parti saman med vaksne. Der var mor, og fleire eldre damor med entusiasmen i orden, jamvel eit par-tri mannlege kontorsjefar, - det skulde ikkje so reint lite heltemot til! Sjølsagt kunde ein ikkje finne seg i å liggje etter dei på nokon måte. No var det heile kome so langt at ein fekk vera med på å teikne former som vi hadde å gå etter, det vart øvt inn større komposisjonar. Vi fekk leite fram dikt, og den eurytmiske fargelæra fekk vi gå gjenom - i det heile teorien. Det viste seg at det heile var eit system, lovbunde, og likevel berre eit grunnlag til tallause frie variasjonar. Til sist vart det til uppvisningar med slør, og på ei verkeleg scene. Då fyrst fekk ein uppleva kva det er å røyre seg i romet, forme lufti og finne att seg sjølv i harmoni med andre, og med det ord eller den tonen som "bar" oss alle. Heime sa eg frå, at eg ville bli bilæthogger. Ingen skyna samanhengen, men uppleving av rom og form var for ei tid det element ein pusta i og kjende seg fri. Det gjekk på ein liknande måte med fleire av venindone mine, som var med. Det var i den alderen då alt vil verta handling, drama. Og vi las heller ikkje stort anna enn Ibsen og Shakespeare eller Aischylos. Ungdomen er ei tid då ein vanleg lærer framande mål, - med grammatikk og ordbok og endelaust pugg. Vissa då i dei land som ligg slik til, at skulepensum må ta umsyn til gamal og ny tid, aust og vest. For den som har fått upp øyro for ljod-kvaliteten i eurytmien, på same måte som for dei musikalske kvalitetene, vert det heile ein leik. Ordi festar seg lett med sine vokal og konsonant, som ein uppliver heilt i kroppen, ser for seg i fargar. Vegen til forståing for det framande går gjerne gjenom lyriken, der målet er reinast i sin sereigne kvalitet. Eg forstod knapt eit ord norsk, då nokre dikt av Aukrust kalla fram ei like stor kunstnarleg uppleving som dei gjer i dag. Det kan hende, det er slik med fleire - kven forstår ordrett all landsmåls-lyrikken, som alle likevel set so stor pris på? Alt sidan folkættene spreiddest frå Babeltårnet i almen mål-forvirring, har det vore ein draum, å finna attende til forståing, til eit einaste mål, til ur-språket og paradiset. Serleg i renessanse-tidi og i det 17. hundradåret var det mange som arbeidde på å finne fram til eit universalmål, eller attende til det upphavlege. Ingen av dei livande eler daude kulturmål var fullkomne nok, slik dei var, til å gje klart og greidt nok uttrykk for alt som finst. Men like so visst som alle menneskje har evnen til å uppleva ein objektiv kvalitet i farge og form, i musikalsk tone og matematisk tankegang, måtte det og finnast råd å uppleva ljodane i ordet, og på det grunnlag skapa eit univelsalmål. For målet er liv, ikkje konvensjon, som kan setjast saman mekanisk, som vår tids esperanto, - meinte dei gamle. Filosofen Leibnitz var ein av dei siste som arbeidde med denne planen. Eit lite steg i denne leid er ein drope eurytmi i blodet, serleg um ein får han i barndomen eller ungdomen, då alt er avgjerande. Den kan utvikle ein evne til å ta det framande upp som sitt, uppleva det med heile seg, med hender og føter - på eit objektivt grunnlag. Det er ein port inn til poesien og til musikken. Som alle portar til noko stort, kan han vera trong og leid å koma gjenom. Men det er snart gløymt, når utsynet opnar seg. Ein annan ting er, at det som opnar seg på eit objektivt grunnlag - det kan vera kva grunnlag det vil - det vert respektert. Og eurytmien utviklar respekten for det framande, og for medmenneskje, slik at ein bokstavleg sagt lærer å passe seg for å ikkje koma i vegen for nokon. Dette er ingen teori, det vert heller aldri sagt i nokon eurytmi-time, det er heller ikkje program for eurytmien. For eurytmi er ei kunst, spontan og utan program. Og som all kunst, er det den einaste store sanning og uppleving moderne menneskje over heile jordi kan samlast i, for form og farge, ord og tone talar sitt store universelle mål til alle som har øyro å høyre med. Og som kvar kunst, er eurytmien med på å opne øyro, gjera hender og føter og heile kroppen mottakande og fritt formande samstundes. Slik umlag virkat nokre dropar eurytmi ein fekk i nisteskrepp, når ein ser attende etter 25 -30 år. Tilgjev meg, men det er slett ikke for å vera original, når og segjer eg er glad for at eg fekk dei med på vegen, og takksam for at borni mine kan få det same.

(Trykket i Tidsskriftet Steinerskolen nr. 3/1958)

©2013 Den norske eurytmihøyskole   dneeurytmino   Design: LiliO Design